Helse er eit uttrykk for graden av opplevd velvære eller liding og korleis det står til med kroppslege og mentale funksjonar hjå eit individ eller ei gruppe. Ein kan definera god helse negativt, som fråvær av sjukdom og andre plager, eller positivt, som ein tilstand der ein føler seg vel og opplagt.

Ein tilstand der ein føler seg vel og opplagt.

Skade- og sjukdomsførebygging er viktig for eit godt liv og ei god helse. Omgrepet helse er ikkje avgrensa til menneske, men i praktisk språkbruk refererer ordet «helse» gjerne til folkehelse, mens ein gjerne brukar spesialomgrepet «husdyrhelse» i samband med veterinærmedisin.

Verdshelseorganisasjonen har definert helse som «ein tilstand av fullkommen lekamleg, sjeleleg og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom eller lyter». Innvendingar mot denne definisjonen er at han har for statisk preg, at han er for passiviserande, og at han har gjort sjukdomsomgrepet vanskeleg å avgrense.

Sjå au endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Helse