Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for helsepolitikk, folkehelse, alkohol- og narkotikapolitikk, helsetenester og helselovgjeving i Noreg. Departementet skal syte for at folket får gode og likeverdige helsetenester, uavhengig av bustad og økonomi, og bidra til å fremme god folkehelse.

Helse- og omsorgsdepartementet

Offisielt namnHelse- og omsorgsdepartementet
TypeDepartement
VirkefeltNoreg
Skipa1. oktober 2004[1]
Org.nummer983887406
StatsrådIngvild Kjerkol (Ap)
HovudkontorRegjeringskvartalet, R6, Teatergata 9, Oslo
Tilsette215 (2014)[2]
JurisdiksjonNoreg
Nettside[1]
Inngangen til Helse- og omsorgsdepartementet m.fl. i Oslo
Foto: Alejandro Decap

Helsedepartementet har sju avdelingar:

  • Folkehelseavdelinga
  • Spesialisthelsetenesteavdelinga
  • Eigaravdelinga
  • Helserettsavdelinga
  • Kommunetenesteavdelinga
  • Administrasjonsavdelinga
  • Budsjett- og økonomiavdelinga

Politisk leiing endre

Ingvild Kjerkol (Ap) er frå 2021 statsråd og leiar for Helse- og omsorgsdepartementet. Kjerkol tok over etter Bent Høie (H). Statsråden for Helse- og omsorgsdepartementet vert bistått av statssekretærar og politisk rådgjevar.

Underliggande etatar endre

Regionale helseføretak endre

Bakgrunnsstoff endre