Hemmeleg politi (nokre gonger kalla politisk politi) er politiorganisasjonar som verkar i hemmelegheit i teneste for staten for å verne om tryggleiken i han. Hemmelege politistyrkar vert gjerne assosierte totalitære regime fordi tenestene deira ikkje er opne for innsyn frå publikum si side. Hovudfunksjonen deira er å oppretthalde den politiske makta til staten framfor å handheve lovene, og dei har ofte vorte brukte som eit instrument for politisk undertrykking. Ein stat med høg grad av hemmeleg politiaktivitet vert gjerne omtala som ein politistat.

Hemmelege politistyrkar kan haldast opp mot nasjonale tryggingstenester som ein finn i moderne liberale demokratiske statar som i regelen vert regulerte av det offentlege, og må rapportere om verksemda si, samt andre tiltak som stiller dei ansvarlege overfor samfunnet elles. Slike byråer vert likevel nokre gonger nedsetjande omtala som «hemmeleg politi».

Organisasjonar med rolle og funksjon som ein hemmeleg politistyrke har eksistert opp gjennom historia, anten dei har hatt politifunksjonar eller ikkje, og uansett om dei har vorte kalla «hemmelege» eller ikkje.

Kjelder endre