Henning Idrettslag

(Omdirigert frå Henning IL)

Henning Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i grenda Henning i Steinkjer kommune. Laget, som vart stifta 11. januar 1914, er aktivt med i idrettsgreinene fotball, friidrett og ski.

Langrennaren Terje Langli, som vart verdsmeister på 10 kilometer i 1991, er Henning IL sin fremste idrettsutøvar.

I 1970-åra hevda fotballaget til Henning seg i 3. divisjon, mykje grunna tilsig frå offiserar og soldatar i militærleiren Steinkjersannan. Hausten 1973 gjekk laget til topps i Trøndelags-avdelinga og fekk året etter delta i 2. divisjon avdeling B. I kampar mot lag som, mellom andre, Lillestrøm SK, Lyn, Hødd, Ålesund og Moss enda Henning på niande og nest-sisteplass og dermed nedrykk.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre