Henrik Aslaksen Skum
Henrik Aslaksen Skum (3. oktober 1833–14. august 1858) frå Kautokeino var ein av samane som Høgsterett i 1854 dømde til døden etter Kautokeino-opprøret i 1852. Han fekk seinare straffa omgjort til livsvarig fengsel.
Henrik Aslaksen Skum | |
Fødd | 3. oktober 1833 |
Død |
14. august 1858 (24 år) |
Mor | Anne Henriksdatter Sara |
Han var bror til Ellen Aslaksdatter Skum, som òg vart dømd til døden og fekk nåde. Ein 14 år gammal bror, Anders, deltok òg i opprøret. For Anders var påtalen åtte slag ris, men han vart frifunnen i underretten. I høgsterett vart han dømd til åtte dagars fengsel.
Henrik sona straffa på Akershus festnings slaveri. Her omkom han i sjøen under bading 14. august 1858.