Henrik Helliesen (29. september 179010. mai 1861) var ein norsk tollar og stortingsmann frå Stavanger. Han var far til Ole Theodor og Henrik Laurentius Helliesen, samt bror til Ole Helliesen.[1][2]

Henrik Helliesen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. september 1790
Stavanger kommune
Død

10. mai 1861 (70 år)
Halden kommune

Yrke politikar
Språk norsk

Helliesen var son til ein skipper. Frå 1814 hadde han stilling som tollbetjent i Eigersund. Tre år seinare tok han til som tollar i Bodø, eit embete han hadde til han i 1831 vart tollkasserar i Fredrikshald.

Helliesen var 2. representant frå Nordlands amt på Stortinget i 1830, der han var medlem av tollkomiteen. På ny stortingsmann i 1848, då som 2. representant frå Fredrikshald. Han var då medlem av Lagtinget og sekretær i tollkomiteen.

Han døydde i Fredrikshald i 1861.

Fotnotar endre

  1. Lindstøl, Tallak: Storthingsrepræsentanter og Suppleanter : 1814-1891 : biografisk og kronologisk Fortegnelse. Kristiania : Tønsbergs Bogtrykkeri, 1892. Side 58. hjå Nasjonalbiblioteket
  2. Sjå og Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS: der han blir kalla Hennik[daud lenkje]. Kjelder hos Bokhylla hjå Nasjonalbiblioteket kallar han Henrik eller Henrich. Besøkt 25. august 2013

Kjelder endre