Henry Johansen

norsk fotballspelar

Henry Høgfeldt Johansen (21. juli 190429. mai 1988) var ein norsk fotballspelar, landslagsmålvakt i tida 1926-38, samt skihoppar frå Oslo. Han var med på Bronselaget i 1936, og gjekk under kallenamnet «Tippen».

Henry Johansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juli 1904
Christiania
Død

29. mai 1988 (83 år)
Oslo

Yrke fotballspelar, skihoppar, fotballtrenar

Johansen vart medlem av Vålerengen IF i 1918, då idrettslaget Olymp vart innlema i VIF. Frå 1923 til 1946 spelte han på A-laget til Vålerengen. To kvartfinalar, i 1936 og 1938, var høgdepunkta i hans tid som klubbspelar.

Johansen debuterte på Noregs landslag i 1926, og spelte sin 48. og siste landskamp i 1938. Det store høgdepunktet var fotballturneringa under Sommar-OL 1936 i Berlin, då Noreg overraska stort og vann bronsemedaljen etter sigrar over høvesvis Tyrkia, Tyskland og Polen. Også i fotball-VM 1938 i Frankrike var han Noregs målvakt. «Mange keepere hadde noe å lære av ... hans sikre grep, fine plas[s]eringer og utspill og hans glimrende feltarbeide.», og «det var ikke få landskamper han faktisk vant for Norge».[1] Særleg ry fekk han for sitt spel då Sverige vart slått 4-1 i Göteborg i 1932, og i 2-0-sigeren over Ungarn på heimebane i 1935.

«Tippen» Johansen vart i 1938 tildelt Egebergs ærespris for sine prestasjonar på fotballbana og i hoppbakken.

Merittar endre

  • OL-bronse: 1936 med Noreg

Notar og kjelder endre

  1. Magnus Breili: Fotballbokken. 1967