Henry Vaughan (17. april 162223. april 1695) var ein walisisk diktar som blir rekna blant dei metafysiske poetane.

Henry Vaughan
Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 17. april 1621
Newton St. Bridget i Brecknockshire i Wales
Død

23. april 1695, 28. april 1695 (74 år)
Scethrog House i Llansantffraed i Brecknockshire

Yrke lege, samfunnsøkonom, lyrikar, skribent, omsetjar

Liv endre

Henry Vaughan blei fødd i grevskapet Brecknockshire som son av den walisiske godseigaren Thomas Vaughan Sr. og kona Denise Morgan. Han var den eldre tvillingbroren til filosofen Thomas Vaughan. Saman med ein tredje bror voks dei opp på eit lite gods i Llanssantfread. Henry Vaughan var truleg tospråkleg (engelsk og walisisk). Dikta hans syner eit idealisert bilde av barndomen, så ein kan gå ut frå at han hadde ei lukkeleg tid som barn.

I 1638 reiste dei to tvillingbrørne til Oxford for å studere ved Jesus College. To år seinare studerte dei jus i London. Etter studiet og ei mogleg (men ikkje dokumentert) krigsteneste på rojalistane si side i den engelske borgarkrigen budde Vaughan resten av livet på familiegodset i Wales.

Virke endre

Dei tidlege dikta som kom ut i Poems og Olor Iscanus, syner påverkanad frå renessansediktaren Ben Jonson. Vaughan tok her for seg verdslege tema, blant anna borgarkrigen.

Vaughan hadde nokre tunge år i 1648-1650: rojalistane og med dei den anglikanske kyrkja tapte borgarkrigen, den yngre broren William døydde og sjølv vart Vauhgham sjuk. Han byrja no å skrive meir andeleg lyrikk som han gav ut i hovudverket sitt, Silex Scintillans («Eldstein»). To år seinare kom The Mount of Olives, ei samling geistlege prosatekster som speglar den religiøse overtydinga til Vaughan.

Etter at det britiske monarkiet blei atterreist i 1660 og den anglikansk kyrkja attvann posisjonen sin, avslutta Vaughan diktarkarriera. Han opparbeidde seg ikkje noko litterært ry i si eiga levetid og interessa i vår tid kjem i første rekkje av Silex Scintillans.

Verk endre

  • Poems, with the Tenth Satire of Juvenal Englished (1646)
  • Olor Iscanus: A Collection of Some Select Poems, and Translatons (1651)
  • Silex Scintillans: or Sacred Poems and Private Ejaculations (1650, 2., utvida utgåve 1655)
  • The Mount of Olives: or, Solitary Devotions (1652)
  • Flores Solitudinis. Certaine Rare and Elegant Pieces (1654)
  • Hermetical Physick: Or, The right way to preserve, and to restore Health. By That famous and faithfull Chymist, Henry Nollius. Englished by Henry Vaughan, Gent. (1655)
  • The Chemists Key to shut, and to open: Or the True Doctrin of Corruption and Generation, Henry Nollius’s De Generatione Rerum naturalium, translated by Vaughan (1657)
  • Thalia Rediviva: The Pass-Times and Diversions of a Country-Muse In Choice Poems on several Occasions (1678)

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Vaughan, Henry: The Complete Poems. Red. Alan Rudrum. Harmondsworth: Penguin, 1976. (ISBN 0-14-042208-0)
  • Friedenreich, Kenneth: Henry Vaughan. Boston: Twayne 1978 (=Twayne’s English authors series 226). (ISBN 0-8057-6697-9)
  • Garner, Ross: Henry Vaughan. Experience and the Tradition. Chicago: University of Chicago Press. 3.opplag. 1967 [1959]. (ISBN 0-226-28421-2)
  • Simmonds, James: Masques of God. Form and Theme in the Poetry of Henry Vaughan. Pittsburgh: University of Pittsburgh Press 1972. (ISBN 0-8229-3236-9)
  • Wall, John: «Henry Vaughan». I Dictionary of Literary Biography, bind. 131. Farmington Hills: Thomson Gale 1993, S. 291-309. (ISBN 0-8103-5390-3)

Bakgrunnsstoff endre