Henry Vestine

amerikansk gitarist

Henry Charles Vestine (25. desember 194420. oktober 1997)[1] med kallenamnet «The Sunflower», var ein USA-amerikansk gitarist, som hovudsakleg var kjend som medlem av bandet Canned Heat. Han var med gruppa frå starten i 1966 til juli 1969. I seinare år spelte han i lokale band, men kom stundom attende til Canned Heat for eit par turnear og innspelingar.

Henry Vestine
Fødd25. desember 1944(1944-12-25)
FødestadTakoma Park i Maryland i USA
Død20. oktober 1997 (52 år)
DødsstadParis i Frankrike
FødenamnHenry Charles Vestine
AliasThe Sunflower
OpphavUSA
Aktiv1966-1997
SjangerBlues, elektrisk blues, bluesrock, boogierock
Instrumentgitar
Tilknytte artistarCanned Heat, Albert Ayler, Mothers of Invention
PlateselskapCapitol Records
Verka somgitarist
Henry Charles Vestine med bandet

I 2003 vart Vestine av musikkmagasinet Rolling Stone kåra til den 77. beste gitaristen gjennom tidene.[2]

Kjelder endre

  1. «The Long Strange Tale of Henry Vestine». Vipertoons.com. Henta 26. august 2018. 
  2. Doyle, Patrick. «Music News | Latest in Rock, Indie, Hip Hop and More». Rolling Stone. Henta 26. august 2018. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre