Herbrand Lavik

norsk skribent

Herbrand Lavik (19. mai 190122. mars 1965) var ein norsk journalist og forfattar frå Bergen.

Herbrand Lavik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mai 1901
Død

22. mars 1965 (63 år)

Yrke lingvist, skribent, journalist, omsetjar, lyrikar
Språk norsk
Far Johannes Lavik

Etter han tok artium i 1921 studerte Lavik språk og journalistikk og var sjømann. Deretter var han redaktør for småaviser i Florø og sidan Leirvik, frå 1945 var han teaterkritikar i Bergens Tidende.

Forfattaren Lavik debuterte i 1937 med Frenzies indianere og andre fortellinger. Han einaste roman, «vestlandsromanen» Tunet i det blå, kom i 1945. Elles skreiv han i alt tre diktsamlingar, like mange novellesamlingar og ei livskildring over den franske forfattaren François Villon med gjendiktingar. Dramaet Elsk meg! vart synt på Den Nationale Scene i Bergen i 1946. I den posthume novellesamlinga Svanesjø og morild frå 1966 er eit biografisk forord over Lavik.

Johannes A. Dale i Norsk Allkunnebok meiner novellene til Lavik «har ein fantisfull og djerv stil», «gjerne med emne frå sjøen og framande land».

Kjelder endre