Herdis Bjørhovde

Herdis Bjørhovde (30. august 190626. mai 1994) var ein norsk forfattar.[1] I 1932 gav ho ut ungjenteromanen Til LykkelandWindju Simonsens Forlag. Boka var illustrert av Karl Dahl.[2]

Herdis Bjørhovde
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. august 1906
Harstad kommune
Død

26. mai 1994 (87 år)

Yrke skribent

Herdis Bjørhovde var dotter av skulestyraren Nils Bjørhovde og Inga Bjørhovde.[3] Nils Bjørhovde hadde mange interesser, og gav i 1932 sjølv ut boka Firkløveret frå Hindøya under pseudonymet Nils Weed.[4] I likskap med boka til dottera var Nils Bjørhovde si bok illustert av Karl Dahl, men boka til faren vart gjeven ut av Lutherstiftelsens forlag.[5]

Herdis hadde ei eldre og ei yngre syster. Ho gifta seg med Robert Kirkerød som vart prost i Svolvær.[4][6]

Til Lykkeland endre

Boka handlar om ungjentene Gun og Beth, som møter kvarandre på lærarskule i Tromsø. Gun er frå ein by i Sør-Noreg, og Beth er prestedotter frå ein finnmarksby. Dei to unge jentene er diametrale motsetnader til kvarandre av både lynne og utsjånad, men vert raskt venninner. Boka er ei romantisk skildring av skulemiljø og hybeltilvere, med svermeri og forelskingar som omdreiingspunkt. Det er ikkje ein roman av høg litterær kvalitet, men i retrospekt får lesarar på 2000-talet eit interessant innblikk i kvardagsliv og haldningar på 1930-talet.

Til Lykkeland vart gjeven ut i Sverige i 1933 med tittelen Till lyckoland. En pensionshistoria.[7]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre