Herdla er ei øy i nordenden av Askøy kommune i Vestland. Den 1,6 km² store øya ligg tre mil frå Kleppestø og Askøybrua.

Herdla
Brua over til Herdla
Brua over til Herdla
Geografi
Stad Hjeltefjorden
Koordinatar 60°34′21″N 04°57′04″E / 60.57250°N 4.95111°E / 60.57250; 4.95111

Areal 1,6 km²

Høgaste punkt Herdlaåsen (46 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke
Kommune
Vestland
Askøy

Demografi
Folketal 115 (2023)
Folketettleik 72 /km²
Herdla kyrkje

Herdla er det rikaste fugleområdet i Hordaland med 224 registrerte fugleartar fram til 2003. Det særmerkte og produktive sjø- og våtmarksområdet på Herdla førte til at eit område på 3,1 kvadratkilometer vart sett av som eit freda område i 1985. Området er ein del av det 1,3 kvadratkilometer store naturreservatet som omfattar Herdlevalen og strendene rundt denne. Naturreservatet er med på å gjera Herdla til eit viktig reisemål.

Historie endre

Folketalsutvikling for øya Herdla
1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
40 85 116 115

Herdla herad (kommune) 1871–1964 endre

Herdla vart 1. januar 1871 skild ut frå Manger som eigen kommune med namnet Herlø heradskommune. Namnet vart endra til Herdla i 1917. Det administrative setet vart lagt til Herdla øy. I kommunen var om lag 2000 øyar, holmar og båer. Til saman utgjorde dette 114 kvadratkilometer. Berre 10 kvadratkilometer var jordbruksareal. Fiske var viktigaste næringsvegen. Ca. 5000 menneske budde i kommunen då han vart oppløyst frå 1. januar 1964. Øygarden kommune vart skipa, Misje og Turøy vart lagde til Fjell kommune på Sotra. Området Kjerrgarden-Herdla vart lagde til Askøy kommune og Eikeland-Husebø til Meland kommune. Bognøy vart lagd til Radøy kommune. Herdla kyrkje har lange tradisjonar, og var kyrkje for store delar av gamle Herdla herad.

Folketalsutvikling for tidlegare Herdla kommune frå 1920 til 1964
1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1964
4312 4728 5182 5141 5083 4939

Herdla flyplass og fort endre

Herdla flyplass vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Den flate Herdlevalen eigna seg til å byggja ein flybase, og Herdla var den viktigaste flyplassen mellom Stavanger lufthamn, Sola og Trondheim lufthamn, Værnes. Bergen lufthamn, Flesland vart ikkje opna før i 1955. Flybasen på Herdla var viktig i forsvaret av ubåtbyen Bergen. Tyskarane bygde og opp Herdla fort, inkludert torpedobatteri Hjelte. Herdla vart kalla «Festung Herdla», og alle sivile måtte i løpet av krigen flytta frå øya. Då innbyggjarane kom tilbake i 1945 var det eit enormt oppryddingsarbeid som stod for døra.

Herdla torpedobatteri vart freda av Riksantikvaren 10. september 2015.[7]

Kjelder endre

  1. Folketeljing 1801 for Manger prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Herdla herred, frå Digitalarkivet
  3. 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 Folkemengde i Valestrand 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. [1] Herdla torpedobatteri fredes av Riksantikvaren.

Bakgrunnsstoff endre

  • Benonisen, Per: Askøy - Herdla - Meland kommuner : grenserevisjoner og revisjonsønsker 1919-1964, Hovedoppgåve i historie - Universitetet i Bergen, 1995.
  • Skjelanger, Torstein (red): Herdla kommunesoge : 1870-1963, Herdla 1971.
  • Sælensminde, Ole Bjørn: Herdla : fra fredelig bygd til krigsskueplass, Kleppestø 2001.
  • Virkesdal, Erling: Herdla : den spesielle øya, Kleppestø 2002.