Herefordfe er ein storferase som opphavleg kjem frå Herefordshire i England.[1][2] Meir enn fem millionar av rasen finst kring om i femti land.[3] Eksporten av feet starta i 1817, då fe vart sende frå England til Kentucky,[4] og dei vart ganske raskt seinare spreidde til resten av USA, Canada, Mexico og delar av Sør-Amerika. I dag er rasen vanleg i Australia, Russland, Israel, Japan, det kontinentale Europa og Skandinavia.

Herefordokse
Herefordkalv
Herefordkyr på beite i Australia

Feet er særleg knytt til dei tempererte stroka i Canada, USA og Russland. På den sørlege halvkula er det mykje i bruk i Australia, tilsvarande i det sentrale og austlege Argentina, i Uruguay, og i New Zealand der rasen er den vanlegaste storferasen.[5]

Rasen vert hovudsakleg brukt i kjøttproduksjon. Med omsyn til storleik står herefordfeet i ei mellomstilling, lettare enn charolais, men tyngre enn høglandsfeet.

Historie endre

Herefordfeet vart avla fram i Storbritannia kanskje så tidleg som i det 17. hundreåret og set framleis preg på landsbygda i Herefordshire. Seinare har det kome til ein kollete variant av rasen. Herefordfeet har vorte avla for roleg temperament, rask vekst og god kjøttkvalitet.

Dei første herefordkyrne blei importerte til Noreg rundt 1950. I dag blir det formidla sæd frå herefordoksar gjennom GENO. Kvart år inseminerer ein rundt 1 000 dyr med sæd frå hereford.[6] Oppdrettarar av hereford i Noreg er organiserte i Norsk Herefordforening.

Kjelder endre

  1. «Breeds of Livestock - Cattle». Henta 5. april 2010. 
  2. Sanders, Alvin H. (1914). The story of the Herefords. Chicago: Sanders Publishing Company. Henta 12. juli 2009. 
  3. «Cattle Breeds - Hereford». The Cattle Site. April 13, 2018. Henta 13. april 2018. 
  4. «Early Chronology of the Hereford Breed 1723-1955». The Hereford Herd Book Society. 1995. Henta 5 April 2010. 
  5. «Commercial Beef Cattle in New Zealand». Beef New Zealand. Arkivert frå originalen 23. mai 2010. Henta 5. april 2010. 
  6. «Seminstatistikk». Tyr-Norsk Kjøttfeforening. Arkivert frå originalen 5. oktober 2008. Henta 4. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Herefordfe