Herm (guernésiais Haerme) er den minste av Kanaløyane som er open for publikum. Det er ikkje lov med bilar på øya, som på naboøya Sark, men i motsetnad til Sark er det heller ikkje lov med syklar.

Herm
Nordsida av øya. Ein kan sjå ståande steinar på graset og Sark i bakgrunnen.
Nordsida av øya. Ein kan sjå ståande steinar på graset og Sark i bakgrunnen.
Geografi
Stad Den engelske kanalen
Koordinatar 49°28′N 2°27′W / 49.467°N 2.450°W / 49.467; -2.450
Øygruppe Kanaløyane

Areal 2 km²

Administrasjon
Land Storbritannia
Demografi
Folketal 60 (2002)
Folketettleik 30 /km²

Herm er underlagt Guernsey. Øya er 2 km lang og mindre enn 1 km brei. Nord på øya finn ein sandstrender, medan sørsida er meir steinete. Shell Beach og Belvoir Bay er to store turistattraksjonar. Øya Jethou ligg like sør for Herm. Det vert sagt at ein storm i 709 vaska bort ei sandstripe som gjekk mellom dei to øyane.[1] I vest ligg sundet Little Roussel (Petit Ruau) mellom øya og Guernsey og Big Roussel (Grand Ruau) ligg i aust mellom øya og Sark.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Heimesida til Herm, arkivert frå originalen 16. august 2015, henta 4. februar 2010