Hermafroditos eller Hermafroditus (gresk Ἑρμαφρόδιτος), tidvis også Afroditos, var ein tvikjønna gud i gresk mytologi. Namnet «Hermafroditos» er opphavet til orda «hermafroditt» og «hermafrodittisme».

Hermafroditos

MorAfrodite
FarHermes

Hermafroditos var fødd som sonen til Hermes og Afrodite, men blei tvikjønna då han smelta saman med nymfen Salmakis.

Mytologi endre

Namnet til Hermafroditos er avleidd av namna til foreldra. Hermes og Afrodite er ifølgje nokre gudeslekstavler halvsøsken, men pardanning mellom søsken var ikkje særleg uvanleg i den greske gudeverda.

Ifølgje Ovid blei Hermafroditos oppdregen av nymferIda-fjellet, eit heilag fjell i Frygia (no Tyrkia). Som femtenåring keia han seg og la ut på reise gjennom Lykia og Karia. I skogen i Karia, nær Halikarnassos (no Bodrum i Tyrkia) møtte han najaden Salmakis i kjelda hennar. Ho blei kjær i Hermafroditos og prøvde å forføra han, men blei avvist.

Då han trudde najaden var borte, kledde Hermafroditos av seg og bada i kjelda. Då kom Salmakis overraskande på han, omfamna han og kyssa han. Medan ungguten kjempa imot bad Salmakis til gudane om at dei aldri måtte skiljast. Denne bøna blei oppfylt, og dei to smelta saman til eitt vesen. Då bad Hermafroditos til foreldra sine om at kvar einaste som bada i kjelda måtte få same skjebnen.

 
Statue av Hermafroditos frå ca. 200-150 f.Kr.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hermafroditos