Herman Van Rompuy

belgisk økonom og politikar

Herman Van Rompuy (fødd 31. oktober 1947) er ein belgisk, flamsk politikar for partiet Christen-Democratisch en Vlaams (Kristendemokratisk og flamsk) og EU-president. Han var statsminister i Belgia frå 30. desember 2008 til 25. november 2009. Før det var han president for underhuset i den belgiske nasjonalforsamlinga. Etter at statsministeren, Yves Leterme, leverte avskjedssøknaden sin i desember 2008 fekk partifellen Van Rompuy i oppdrag av kongen å danna ny regjering, i koalisjon med dei same partia som Leterme regjerte med: Flamske liberale og demokratar (Vlaamse Liberalen en Democraten) og dei frankofone partia Reformrørsla (Mouvement Réformateur), Sosialistpartiet (Parti Socialiste), og Demokratisk, humanistisk senter (Centre démocrate humaniste).

Herman Van Rompuy

Fødd31. oktober 1947 (76 år)
Etterbeek
Statsborgar avBelgia
PartiDet europeiske folkepartiet
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
InstitusjonarBelgias nasjonalbank
Utdanna vedDet katolske universitetet i Leuven
Sint-Jan Berchmanscollege
Katholieke Universiteit Leuven
FarVic Van Rompuy
EktefelleGeertrui Windels
BarnPeter Van Rompuy
VervStatsminister i Belgia 2008-2009
FøregangarYves Leterme
EtterfylgjarYves Leterme
Alle verv
  • president for Det europeiske råd (2009–2014)
  • Belgias statsminister (2008–2009)
  • medlem av Representantkammeret (1995–2009)
  • senator (1988–1995)
  • Belgias budsjettminister (1993–1999)
  • medlem av Representantkammeret (2007–2008)
  • member of the Flemish Parliament (1994–1995) Sjå dette på Wikidata

Van Rompuy var partileiar for partiet sitt frå 1988 til 1993 og budsjettminister frå 1993 til 1999. Frå 2007 var han president for underhuset i nasjonalforsamlinga.

Van Rompuy har lenge vore ein aktiv bloggar, og skriv mellom anna haiku-aktige dikt på bloggen sin.

Bakgrunnsstoff endre