Hermansverk er ei bygd og administrasjonssenter i Sogndal kommune i Vestland. Staden var fylkeshovudstad i tidlegare Sogn og Fjordane fylke fram til regionreforma. Staden har fått namn etter kjøpmannen Herman Brun som verka i 1840-åra. Staden ligg på nordsida av Sognefjorden. Busetnaden på Hermansverk er vaksen saman med bygda Leikanger, og til saman har desse 2 208 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Hermansverk
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sogndal
Postnummer 6863 LEIKANGER
Innbyggjarnamn Innaføring (felles for kommunen: Systrending)
Preposisjon Hermansverk
Kart
Hermansverk
61°11′05″N 6°51′01″E / 61.18461°N 6.85016°E / 61.18461; 6.85016

Dei to elvane Henjaelvi (Storeelvi) og Njøselvi (Vetleelvi) renn gjennom tettstaden. Frå gamalt av vert området vest for Henjaelvi kalla Henjasanden. Mellom elvane ligg sjølve det opphavlege Hermansverk. I 2010 var den nye sentrumsplassen ferdig, og denne har fått namnet Borgaren. Frå Borgaren og framover langs Henjaelvi er det ei flat strekkje, som heiter Riverdalen. Dette området vart tidlegare kalla «Byen», sidan det var den einaste plassen i bygda som hadde gatelykter.

All administrasjon for stat og fylke vart samla på Hermansverk då Statens Hus opna her i 2005. Fylkeskommunen flytte inn i Fylkeshuset i 1989.

Som sentrum i ein av fruktkommunane i landet er Hermansverk samlingspunkt for mykje av frukthandelen i Sogn.

Planteforsk Njøs som forskar på bær og frukt ligg òg her. I 1919 bygde Halvard Drægni ein konservesfabrikk. Denne vart overteke av Lerum AS i 1982 og ombygd til brusfabrikk i 1993, men seinare lagd ned. Like ved har Skald Forlag i dag hovudkontor.

Oppe i lia ovanfor Hermansverk ligg Henjatunet, eit klyngjetun med 6 gardsbruk.

Bakgrunnsstoff endre

Sjå òg endre