Hermod er eit norsk mannsnamn, truleg lånt frå tysk, men opphavleg norrønt Hemóðr , samansett av hær og mot (hugrørsle).

Runesteinen Sö39 funnen i Vagnhärad i Sverige, med innskrifta «Hermóðr lét hǫggva at Bergvið/Barkvið, bróður sinn. Hann drukn[a]ði á Líflandi.» («Hermod let hogga til Bergvið/Barkvið, broren sin. Han drukna i Livland.»).

Hermod har namnedag i Noreg den 29. januar.

Hermod i norrøn mytologi endre

I norrøn gudelære er Hermod sonen til Odin; han reid Sleipner til Helheim for å hente attende Balder. I Béowulf er det nemnd ein kong Heremod, som skal ha vore konge i Jylland eller Danmark, men som kom til ein lei ende. Det er mogleg at minnet om denne kongen kan ha overlevd som son av Odin i norrøne overleveringar. I mange kjelder er det Odin sjølv som er sjeleføraren og reiser til Helheim.

Bruken av namnet i Noreg endre

Namnet har vore bruka som førenamn sidan 1300-talet, og bruken nådde ein førebels topp i første halvedelen av 1900-talet.

  • Ved folketeljinga i 1801 var det ein gut som het Hermod, han budde i Fosnes[1]
  • Ved folketeljinga i 1900 var det 56 som hadde dette namnet
  • I 2008 var det 520 som hadde Hermod som første fornamn.

Kjende namneberarar endre

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre