Herodot

(Omdirigert frå Herodotos)

Herodot (gresk: Ἡρόδοτος – Hēródotos) var ein gresk historieforfattar som var fødd omkring år 484 f.Kr. i Halikarnassos i Vesleasia, og som levde til 425 f.Kr. Han er rekna som sogeskrivinga sin far.

Herodot

Statsborgarskap Halikarnassos
Fødd 484 f.Kr.
Halikarnassos
Død

425 f.Kr.
Thurioi

Yrke historikar, politikar, skribent, geograf
Herodot på Commons

Herodot gjorde lange reiser til Egypt, Syria, Babylonia, Persia og Europa. Omkring år 450 f.Kr. var han ei tid i Aten, i 444 f.Kr. busette han seg i den nye kolonien Hurioi i Sør-Italia. Herodots verk, som han kalla Histories apodexis (Granskingar), vart ei verdssoge på ni band med utgangspunkt i soga om persarkrigen, skrive på ei jonisk dialekt.

Herodot tek utgangspunkt i at gudane styrer alt, og at dei grip inn i dei historiske hendingane. Gudane toler ikkje at menneske vert for store. Forteljingane inneheld ei mengd spennande småsoger. Sjølv om alt han fortel, ikkje kan stå for historisk kritikk, gjev verket hans ei mengd gode historier og geografiske opplysningar.

Kjelder endre