Herpes labialis, òg kjend som forkjølingssår, munnsår, herpes simplex labialis og orolabial herpes, er ein variant av herpes simplex som vanlegvis råkar leppene, og som skuldast infeksjon av herpes simplexvirus.[1] Eit utbrot plar å føre til små blemmer eller sår rundt munnen. Såra plar å lækjast innan 2–3 veker, men herpesviruset står ved lag i kroppen og går i dvale i andletsnervene. Viruset går periodisk og sporadisk ut av dvale og skapar sår i dei same områda som vart råka av primærinfeksjonen. Nokre personar er symptomlause sjølv når dei har viruset, og merkar aldri noko utbrot.[1]

Herpes labialis (forkjølingssår) i underleppa. Legg merke til dei gruppevise blemmene.

Førekomsten av forkjølingssår varierer frå nokre få og opptil 12 tilfelle per år. Folk med herpes labialis plar å råkast av 1–3 utbrot per år. Frekvensen og alvorlegheitsgrada av utbrota plar å minska med tid og alder.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Andersen, Flemming; Søderberg, Ulla (2000). «Fakta om forkjølelsessår (Herpes labialis)». NettDoktor. Henta 18. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.