Hertha Berliner Sport-Club von 1892, til vanleg omtala som Hertha Berlin, er ein fotballklubb frå Berlin i Tyskland. Klubben er kjent for dei mange lojale tilhengarane sine og for stadionet sitt. Kjælenamnet til laget er Die Alte Dame (den gamle dama).

Hertha Berlin

Fullt namnHertha Berliner Sport-Club von 1892
KallenamnDer Alte Dame «Den gamle dama»
Grunnlagd25. juli 1892
HeimebaneOlympiastadion i Berlin
(kapasitet: 74,649)
PresidentWerner Gegenbauer
SportsdirektørMichael Preetz
HovudtrenarAnte Čović
Liga2. Bundesliga
NettstadHeimeside
Noverande sesong

Heimebanen til laget er olympiastadion i Berlin. Stadionet rommar i dag 74 500 tilskodarar. Det vart bygt til dei olympiske sommarleikane 1936 i Berlin. Før VM i fotball 2006 i Tyskland vart stadionet totalrenovert. Tribunekapasiteten steig frå 55 000 til 74 500.

Soge endre

Hertha Berlin vart grunnlagt i 1892 under namnet BFC Hertha 1892. Dagens namn kom etter at laget i 1923 vart slått saman med Berliner Sport-Club. Namnet Hertha er etter eit dampskip med ein blå og kvit skorstein, som ein av grunnleggarane hadde reist med, og denne turen gav klubben både namn og klubbfargar.

Hertha vann i 1905 den aller første Berlin-meisterskapen. I seks år på rad, 1926-31, kvalifiserte klubben seg til spelet om den tyske meisterskapen, og vann dei to siste åra. Mot slutten av 1930-åra gjorde klubben det dårlegare, og det var først seint i 1950-åra at klubben oppnådde gode resultat att.

Hertha fekk plass i Bundesligaen då den kom i gang i 1963. Allereie eit par år seinare måtte klubben ta nedrykk grunna muter. Laget rykte oppatt i 1968. Tre år seinare var klubben, saman med fleire andre klubbar i Bundesligaen, innblanda i ein skandale om avtalt spel. Undersøkingar viste då at Hertha hadde eit kjempestort økonomisk underskot. Klubben kom unna konkurs ved at ein selde heimebanen Plumpe.

Klubben hadde bra med sportsleg suksess på 1970-talet med mellom anna sølvmedaljar i Bundesligaen i 1975, semifinaleplass i UEFA-cupen i 1979 og to finaleplassar i den tyske cupmeisterskapen i 1977 og 1979.

I 1980 rykte Hertha ned og dei neste 17 åra spela klubben for det meste på 2. nivå i Tyskland. Frå 1997 til 2000 spela Kjetil Rekdal i klubben. Rekdal var svært populær mellom fansen og var ei tid kaptein. Hertha vart nummer 12 og 18 (nedrykk) i Bundesligaen dei to første sesongane, i siste sesongen hans for Hertha rykte klubben opp etter å ha kome på andreplass på nivå 2.

Frå 2000 til 2010 heldt klubben seg i Bundesligaen med til dels gode plasseringar, to fjerdeplassar som best, og ei rekke deltakingar i UEFA-cupen. I 2010 kom Hertha sist i serien, men rykte oppatt til Bundesligaen allereie etter ein sesong.

Trond Fredrik Ludvigsen er den andre nordmanne som har vore innom Hertha Berlin.

Kjelder endre