Hertugdømet Magdeburg

Hertugdømet Magdeburg (tyskHerzogtum Magdeburg) var ein provins i Brandenburg-Preussen frå 1680 til 1807. Hovudstaden i hertugdømmet var Halle an der Saale fram til 1714, deretter Magdeburg.

Herzogtum Magdeburg
Hertugdømet Magdeburg
Eigd av kurfyrsten av Brandenburg, så av kongen av Preussen

1680–1807
 

Plasseringa til Magdeburg
Plasseringa til Magdeburg
Hertugdømet Magdeburg i Brandenburg-Preussen då den store kurfyrsten døydde (1688)
Hovudstad Magdeburg, Halle
Styreform Monarki
Historie
 - Oppretta 1680
 - Vart del av Kongedømet Preussen 1701
 - Opphøyrde 1807

Magdeburg var opphavleg eit erkebispedøme. Frå 1545, under reformasjonen, blei det styrt av sekulære fyrstar. Ved Freden i Westfalen i 1648 blei området ein del av Markgrevskapet Brandenburg. I 1701 blei det saman med kurfyrstedømet Brandenburg (Kurfürstentum Brandenburg) ein del av det nyoppretta Kongeriket Preussen.

Hertugdømmet Magdeburg (blått) innanfor dagens Sachsen-Anhalt (grått). Byen Magdeburg ligg i det øvste mørke området, Halle an der Saale i det nedste.

Under Napoleonskrigane blei Preussen nedkjempa i 1806, og hertugdømet blei oppløyst ved freden i Tilsit året etter. Ved Wienerkongressen i 1815 blei det innlemma i provinsen Sachsen.

Kjelder endre