Hesiod eller Hesiodos (gresk Ἡσίοδος ) var ein gresk diktar som skal ha vorte fødd i Askra i Boiotia og levd ikring 700 før Kr.f. Ifylgje tradisjonen skal han ha levd samstundes med Homer, ein annan viktig gresk diktar.

Hesiodi Ascraei quaecumque exstant, 1701

Hesiod vert halde som forfattar av to dei to bøkene Verk og dagar, ei oppmoding om rettferd og om å arbeide, og Theogonien, som skildrar på mytisk vis korleis gudane og verda vart til, og gjer greie for dei ulike generasjonane av guddommar og ættene deira. Desse to verka er viktige kjelder til vår kunnskap om livet og mytologien i antikkens Hellas. Hesiod har òg vorte, truleg feilaktig, rekna som forfattar av det stutte diktet Skjoldet, som handlar om livet til Herakles og gjev ei detaljert skildring av skjoldet hans.

Hesiod var son av ein bonde som hadde innvandra frå Kyme i Vesle-Asia. Ifylgje Hesiod gav musene han diktarkallet medan han gjette dyra attmed Helikonfjellet.

Nordiske omsetjingar av Hesiod endre

  • Hesiod, Theogonien; Arbeid og Dager; Skjoldet, gjendiktet av Aslak Rostad. Gyldendal Norsk Forlag 2014. ISBN 978-82-05-44660-1
  • Hesiodos, Theogonin; och Verk och dagar; tolkade av Ingvar Björkeson; inledning och kommentar av Sture Linnér. [Parallell gresk og svensk tekst]. Stockholm 2003: Natur och Kultur. ISBN 91-27-09678-5
  • Hesiod, Theogonien; Værker og dage; Skjoldet; ved Lene Andersen. Klassikerforeningens kildehæfter 1999. ISBN 87-89504-31-3
  • Theogonia av Hesiod; i Frost, Tore, 2003, Greske myter og mysterier, Verdens hellige skrifter [16], [Oslo]: De norske bokklubbene. ISBN 82-525-4109-7