Hestan Island er ei lita øy ved kysten av Skottland i Solway Firth.

Hestan Island i Solway

Hestan Island ligg ved innløpet til Auchencairn Bay [1] i regionen Dumfries and Galloway i det tidlegare grevskapet Kirkcudbrightshire. Det vart bygt eit fyr på austsida av øya av Alan Stevenson i 1850.

Når fjøra er særs låg er det mogeleg å gå tørrskodd over frå Almorness Point til nordenden av Hestan. Sør på øya ligg Daft Ann's Steps, ei rad med steinar i vatnet. I følgje segna skal ei mindre intelligent jente ha lagt steinar til å trø på føre seg for å nå Balcary Point og drukna.[2]

Ruinane av herregarden til Edward Balliol står nord på øya.

På 1700-talet var øya involvert i smugling og varer vart lagra i grotter sørvest på øya. Samuel Rutherford Crockett skriv mellom anna om dette i romanen The Raiders.[2]

Øya er ein populær destinasjon for havkajakkpadlarar.[3]

Kjelder endre

  1. «Gazetteer for Scotland». Henta 25. mars 2010. 
  2. 2,0 2,1 «A History of Auchencairn og District». www.Auchencairn.org.uk. Henta 25. mars 2010. 
  3. «Daft Anne's Steps, Hestan Island, the Solway Firth». Seakayakphoto.blogspot.com. Henta 25. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff endre

54°49′56″N 3°48′33″W / 54.8321°N 3.8092°W / 54.8321; -3.8092