Hierarki er ein pyramide-liknande sosial eller funksjonell struktur med fleire lag, der toppen sentraliserer makta. Institusjonar som verksemder, kyrkjer, hærar og styresmakter er typiske hierarki. Mykje samfunnskritikk går ut på å stille spørsmål ved hierarkiske strukturar som blir sedde på som urettferdige. Hierarki betyr i slike samanhengar vanlegvis makt-hierarki eller maktstruktur.

Sosialistisk framstilling av samfunnet som eit hierarki med pengemakta på toppen.

Fordeling av velstand blir ofte bruka som eit mål på kor sosialt rettferdig eit samfunn er. Gini-koeffisienten måler økonomisk ulikheit i eit samfunn. Utvikla land ligg til vanleg mellom 0,2 og 0,5, med velferdsstatar som dei skandinaviske landa lågare og meir reint marknadsliberalistiske land som USA høgare på ulikheits-skalaen.

Sosial status representerer den evna eit individ har til å kontrollere eller innverke på andre menneske og institusjonar. Til skilnad frå økonomisk status er det vanskeleg å kvantifisere sosial status. Men sosial status kan bli offentleg anerkjend gjennom rangordningar som adelstitlar, geistlege titlar og akademiske titlar. Uformelt skjer dette gjennom ry.

Sjå og endre

Kjelder endre

Den engelskspråklege wikipediaen, art. Social hierarchy, som lesen 28. juni 2009.