High Hopes
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Division Bell
B-side

Keep Talking (edit)/One of These Days (live)

Språk engelsk
Utgjeve 10. oktober 1994
Innspelt 1993
Sjanger Progressiv rock
Lengd 8:32 (album) / 5:16 (singel)
Selskap EMI (UK)
Columbia Records (US)
Komponist David Gilmour
Tekstforfattar David Gilmour, Polly Samson
Låtskrivar(ar) David Gilmour (musikk og tekst), Polly Samson (tekst)
Produsent Bob Ezrin og David Gilmour
Pink Floyd-kronologi 
«Take It Back»
(1994)
High Hopes «Wish You Were Here EP»
(1995)


«High Hopes» er ein song frå Pink Floyd-albumet The Division Bell frå 1994, skriven av David Gilmour med tekst i lag med Polly Samson. Teksten omhandlar ting ein kan ha oppnådd og tapt i livet, skriven frå eit sjølvbiografisk syn av Gilmour. Douglas Adams, ein ven av Gilmour, valde albumtittelen ut frå teksten i denne songen.

Songen vart gjeven ut på singel i oktober 1994 og kom seinare ut på samlealbumet Echoes: The Best of Pink Floyd i 2001 i ei forkorta utgåve.

Musikkvideo endre

Musikkvideoen for «High Hopes» som vart synt på skjermen under Division Bell-turneen er filma i Fenland i Cambridgeshire. I videoen kan ein sjå ein mann som ser ut over The Fens ved Ely Cathedral, den same bygningen ein kan sjå på plateomslaget mellom metallhovuda. Videoen har òg mange referansar til Cambridge, der Syd Barrett, Roger Waters og David Gilmour voks opp.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

  • Shark 'N The Smoke på hyllestalbumet A Fair Forgery of Pink Floyd.
  • Nightwish har gjeve ut fleire konsertversjonar av songen, mellom anna på samlealbumet Highest Hopes og på DVDen End of an Era
  • Gregorian på albumet Masters of Chant Chapter IV.
  • Sylvan i 2000 for albumet 'Signs of Life - A Tribute to Pink Floyd'
  • Det franske powermetal-bandet Karelia i 2005 for albumet 'Raise'

Salslister endre

Liste (1994) Plassering
French SNEP Singles Chart[1] 4
UK Singles Chart[2] 26
U.S. Billboard Album Rock Tracks[3] 7
Canada Singles Chart 43[4]

End of year chart (1994) Plassering
Den franske singellista[5] 36

Kjelder endre

  1. «High Hopes», Den franske singellista Lescharts.com (Henta 22. januar 2008)
  2. «High Hopes», UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 30. januar 2009)
  3. Billboard Allmusic.com (Henta 30. januar 2009)
  4. Library and Archives Canada: Top Singles – Volume 60, No. 14, October 24 1994, 24. oktober 1994, henta 17. juli 2019 
  5. 1994 Den franske singellista Disqueenfrance.com Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine. (Henta 30. januar 2009)