Hill Top i Cumbria

Hill Top er eit hus frå 1600-talet i Near Sawrey nær Hawkshead, i det engelske fylket Cumbria. Det er ein typisk Lakeland-bygning med veggar i ulike steintypar og skifertak.[1] I fleire tiår husa bygningen barnebokforfattaren og illustratøren Beatrix Potter, som testamenterte det til National Trust. Huset er verna som Grade II*.[2][3] Han er open for allmugen som forfattarheim, innreia slik det var på Potter si tid.

Hill Top i Cumbria

Kart
Hill Top i Cumbria
54°21′06″N 2°58′14″W / 54.3517°N 2.97045°W / 54.3517; -2.97045

Beatrix Potter kjøpte gardshuset og eigedommen rundt 34 acre (14 ha) i 1905 for å bu i det når ho kunne vera vekke frå London og skapa kunst. Ho hadde testamentert huset til National Trust då då ho døydde i 1943. Huset, garden og landsbyane i nærleiken er avbilda i Potter sine bøker The Tale of the Pie and the Patty-Pan, The Tale of Tom Kitten, The Tale of Jemima Puddle-Duck og The Tale of Samuel Whiskers or The Roly-Poly Pudding.

Då Potter åtte garden blei han driven av John Cannon. Den venstre vingen blei bygd av Potter for Cannon og familien hans i 1906. The Tale of Jemima Puddle-Duck blei dedisert til barna hans, Ralph og Betsy, som opptrer i illustrasjonane saman med mor si.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Taylor 1989, p. 22
  2. «Hill Top, Claife». Henta 4. desember 2014. 
  3. Historic England. «Hill Top (1087304)». National Heritage List for England. Henta 4 December 2014. 
  • Taylor, Judy (1989). Beatrix Potter and Hill Top. The National Trust. ISBN 1-84359-065-4. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hill Top i Cumbria