Hilmar Eliseus Stigum (7. august 189712. september 1976) var ein norsk folkelivsgranskar (etnolog) og museumsmann, fødd i Meløy i Nordland, død i Oslo. Han vart tilsett ved Norsk Folkemuseum i Oslo i 1923, der han vart understyrar og leiar av bygdeavdelinga i 1940. Frå 1961 var han professor II i folkelivsgransking (etnologi) ved Universitetet i Oslo samstundes som han var tilsett ved Norsk Folkemuseum fram til 1967, då han gjekk av ved oppnådd aldersgrense.

Hilmar Stigum

Fødd7. august 1897
Steinkjer kommune
Død12. september 1976
NasjonalitetNoreg
Yrkeetnolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Stigum reiste ikring i heile Noreg for å auke samlingane ved Norsk Folkemuseum. Han var særleg oppteke av handverksfag, husflidsteknikkar og eldre jordbruksmetodar som var i ferd med å døy ut. Han var ikkje berre oppteke av sjølve gjenstandane han samla inn, men òg av den kulturelle samanhengen dei stod i og fungerte innanfor. Det var viktig for han å dokumentere på eit forståeleg vis for ettertida korleis gjenstandane vart brukt. Han tok difor fotografi og film til hjelp i tillegg til skriftlege nedteikningar, og vart med det ein pioner i si tid på dette fagfeltet. Med dette arbeidet fekk han eit framifrå godt kjennskap til arbeidslivet og levetilhøva i dei tradisjonelle bygdesamfunna og til laugstilhøva i byane.

Stigum tok fatt i ei lang rad historiske og etnologiske emne frå det norske bondesamfunnet, og gav eit samla oversyn i samlingsverket Norsk kulturhistorie (1938–39), og saman med Kristofer Visted (1873-1949) i verket Vår gamle bondekultur (2 band, 1951–52), med utgangspunkt i Visteds verk Vor gamle Bondekultur frå 1907, 2. utgåva i 1923.

Utvalde skrifter endre

  • Plogen, i Bidrag til bondesamfunnets historie, band 1, 1933
  • Fra sekstenhundre-årene til nyere tid, i Det norske håndverks historie, band 2, 1936
  • Gården, i Norsk kulturhistorie, band 1, 1938
  • I utmarken og på setren, i Norsk kulturhistorie band 2, 1939
  • Laftet som grunnlag for datering av tømmerhus, i By og bygd, band 3, 1944
  • 'The study of man'. Evolusjonstanken og det historiske forløp, i By og bygd, band 4, 1946
  • Ingeniøroppfatningen av tilværelsen og den konservative idé, i By og bygd, 1947
  • Vår gamle bondekultur, saman med Kristofer Visted, 2 band, 1951–52 (3. utgåva 1971)

Kjelder endre

  • Pedersen, Ragnar. (30. desember 2014). Hilmar Stigum. I Norsk biografisk leksikon. Henta 12. juni 2017.