Hirse


Panicum miliaceum
Panicum miliaceum

Systematikk
Orden: Poales
Familie: Grasfamilien
Nokre artar
  • Pennisetum glaucum
  • Hirse er ei gruppe planter i grasfamilien.

    Bruk endre

    Ulike korn bli kalla hirse. Fleire typar blir dyrka i Afrika og i Asia og Europa. Alle hirsetypane er naturleg frie for gluten.

    Mange ulike hirseplanter finst. Dei er ikkje i slekt seg i mellom. Finn ein ei oppskrift med «hirse» kan det vere ulike hirsetypar som det er snakk om: perlehirse, «vanleg» hirse, fingerhirse eller til og med sorghum kan av og til kallast hirse. Det er svært ulike planter og dei kan ikkje naudsynt erstatte kvarandre.

    Den planta ein i Noreg vanlegvis kallar hirse, kan òg kallast romersk hirse, sidan romarane dyrka han. Det blir i dag seld hirse i både helsekostforretningar (romersk hirse) og i innvandrarbutikker (fingerhirse i tamilske butikkar kalla kurukkan, perlehirse i pakistanske butikkar kalla bajra, sorghum som heiter jowar på hindi). Hirse treng tørt klima for å vekse.

    Bakgrunnsstoff endre

      Commons har multimedium som gjeld: Hirse