Historie, eller historiefaget, er studiet av fortida, hovudsakleg menneska si fortid, både basert på skriftlege kjelder, andre kjelder og leivningar. Sjølv om skriftlege kjelder står sentralt vert òg tida før skriftlege kjelder til ein viss grad omfatta av historiefaget. Denne perioden, utan skriftlege kjelder, vert kalla forhistorie. Også innafor språkhistoria blir det operert med eit tilsvarande skilje, for språkistorie med og utan skriftlege kjelder.

Ein ofte sitert definisjon av emneområdet til historieforskinga er at det omhandlar «sosialt relevant menneskeleg åtferd og slike ikkje-menneskelege tilhøve som er relevant for menneskeleg åtferd»[1]. Merk at Dahl her ikkje legg vekt på fortid dvs. på tidsdimensjonen, noko som opnar for å sjå også samtidshistorie som fag, med dei utfordringane dei har for avgrensingar mot samfunnsvitskapane.

Ordet historie kjem frå gresk ἱστορία (historia), som er avleidd frå urindoeuropeisk *wid-tor-, frå rotordet *weid-, «å vita», «å sjå».[2] Dette rotordet er òg til steda i dei norske orda vita, visdom. Ordet historie er fleirtydig i norsk: Det kan tyde både forteljing ("no skal eg fortelje ei historie"), det vitskaplege studiet av fortida (og som ei forlenging av dette: fortida sjølv). Tvetydigheita har røter i det førvitskaplege opphavet til faget.

Sidan objektet som historikarane studerer (fortida) ikkje lenger eksisterer, må fortida bli rekonstruert ved å studera leivningar etterlatne frå fortida, historiske kjelder. For å vurdera kjeldene er ekte, relevant, representative og pålitande nyttar historikarane den kjeldekritiske metoden. Sjølv om historikarane nyttar metodar frå ei rekkje andre samfunnsvitskaplege, humanistiske og naturvitskaplege fag for å oppnå ei meir grunnleggjande forståing av fortida, er kjeldekritikken enno grunnlaget for å skilja mellom kva som er historievitskap og kva som berre er historieforteljingar.

Nemninga historikar vert frå gammalt av brukt om personar som skriv historie. Etterkvart har det skjett ei akademisering av faget, slik at omgrepet tildels har fått ei meir avgrensa tyding. Det kan òg brukast om personar som er utdanna i universitetsfaget historie (med minst eksamen av høgare grad).

Historiefaget si utvikling endre

 
Byste av den antikke historikaren Thukydides.

Dei første vi kjenner som forklarte fortida som eit produkt av intensjonane til menneske og handlingar, ikkje som t.d. handlingar av gudar eller utslag av mirakel, var grekarane Herodotos og Thukydides. Herodot frå Halikarnassos (484 f.Kr. – ca. 425 f.Kr.) har generelt vorte kreditert som «historiefaget sin far».[3] Likevel var det Thukydides (ca. 460 f.Kr. – ca. 400 f.Kr.) som nytta ei vitskapleg tilnærming til historie i verket Peloponneserkrigen. Thukydides såg til skilnad frå Herodotos og andre tidlege historikarar på historia som eit produkt av val og menneskelege handlingar, og leitte etter årsaka og effektane av desse, heller enn som resultatet av ei himmelsk innblanding. I den historiske metoden sin framheva Thukydid kronologi, ein nøytral synsvinkel, og at den menneskelege verda var eit resultat av menneskelege handlingar.

I mellomalderen var krøniker den dominerande historiske framstillingsforma, det vil seia at hendingar vart kronologisk oppramsa, men utan nokon djupare analyse av årsakene til hendingane.

Tidleg på 1800-talet vart historiefaget ein vitskap. I motsetnad til renessansen og dels også opplysningstida, som såg på mellomalderen som ei forfallstid mellom notida og Antikken, ynskte historikarane på 1800-talet å forstå særpreget til kvar epoke ut frå sine eigne premiss. Den tyske historikaren Leopold von Ranke oppstilte kriterium for korleis ein kunne koma fram til sann kunnskap om «kva som eigenleg hadde skjedd». Kjelder til ei hending vart samanlikna for å finna inkonsistensar og vurdera truverdet til kjeldene som vitnesbyrd om fortida, og von Ranke grunnla dermed kjeldekritikken som fag. I mellom midten av 1800-talet og 1900-talet var historiefaget eit av dei viktigaste verkemidla i nasjonsbygginga til ulike statar. Vestlege statar gav historiefaget ei sentral rolle på universiteta, og vedtok lover som gav arkeologar vide fullmakter til å sikre funnstader for arkeologiske funn. Historie var i dette hundreåret dominert av politisk historie om «kongar og krigar». Historiefaget fekk ei sentral rolle i skuleverket og bidro til ein felles identiteten for borgarane av staten. Historiefaget gav folk kjensle av eit fellesskap som følgje av førestilling om ei felles fortid.

 
Leopold von Ranke

I løpet av 1900-talet har emneområdet til historiefaget vorte utvida. Marxistisk historie (representert i Noreg av m.a. Edvard Bull og Halvdan Koht) la vekt på det materielle grunnlaget for historiske hendingar, og dermed for andre aktørar enn berre dei nasjonale leiarane. Ei konkret nyorientering kom i 1960- og 1970-talet med den såkalte sosialhistoriske revolusjonen, etter inspirasjon frå blant anna fransk historieforsking med den såkalla Annales-skolen. Historikarane byrja å sjå den politiske historia som altfor snever, i og med at berre ein liten elite tok del i dei politiske avgjerdene. Faget vart då utvida til å omfatta «vanlege folk» si historie, som bønder, arbeidarar, kvinner, etniske minoritetar, barn, dvs. grupper som ikkje tidlegare hadde vore ein del av den nasjonale historia.

Faget støtta seg i denne nyorienteringa på metodar frå statistisk orientert samfunnsvitskap. Det siste tiåret har kulturhistorie vore ei dominerande retninga innan historieforsking der identiteten til folk og røyndomsoppfatninga deira vert analysert for sjå på kulturelle tankemønster. Kulturhistorikarar er skeptiske til at det verkeleg er mogleg å skriva historia slik «det eigenlege var», og dei er usamd med von Ranke i at det finst berre éi historisk sanning som kan formidlast (i den grad han meinte det).

Historiemetodar samanfattar dei teknikkane og retningslinjene som historikarar nyttar, primære kjelder, arkeologi og andre bevis for å forska på og deretter skriva historie.

Historiefaget med andre fagfelt som studieobjekt endre

Spesifikke studium

Fleire fagfelt er relevant for historiefaget, m.a.

Kjelder endre

  1. Dahl, Ottar (1980): Grunntrekk i historieforskningens metodelære, ISBN 9788200032175
  2. Joseph, Brian; Janda, Richard, red. (2004): The Handbook of Historical Linguistics, Blackwell Publishing, s.163, ISBN 978-1405127479
  3. Lamberg-Karlovsky, C.C. & Sabloff, Jeremy A. (1979): Ancient Civilizations: The Near East and Mesoamerica. Benjamin-Cummings Publishing, s. 5.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
Tidsskrift og publikasjonar