Hjalmar Johannesen

Hjalmar Johannesen (24. mai 190719. august 1959), med tilnamnet «Hjalle», var ein norsk friidrettsutøvar frå Trondheim, son til ein kolonialhandlar. Sjølv var han sportsredaktør i osloavsia Morgenposten frå 1934 til han døydde. Han var etter tur medlem av SK Freidig, SK Brage og Oslo Turnforening.

Hjalmar Johannesen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. mai 1907
Trondheim
Død

19. august 1959 (52 år)
Oslo

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1936, Sommar-OL 1932

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje

Aktiv endre

Johannesen spesialiserte seg på løpsdistansane 400 m og 800 m. I tida frå 1925 til 1936 vann han til saman elleve norske meisterskap i dei to øvingane, fem på 400 m og seks på 800 m. Han vart tildelt kongepokalen under NM 1931 for den nye norske rekorden på 49,0 på 400 meter.

I 1932 var Johannesen ein av tre norske friidrettsutøvarar som tok den lange turen til dei olympiske leikane i Los Angeles. På 400 m nådde han kvartfinalane, men på 800 meter vart han slått ut allereie i kvalifiseringa. Same året viste han sine spurteigenskapar då han som ankermann på 4 x 400 m stafett var med å slå Sverige for første gang i ein landskamp.

På 1930-talet var landskampane mellom Sverige og Norge eit høgdepunkt i idrettsåret. I 1935 vann Johannesen både 400 m og 800 m i landskampen som då fann stad på Stockholm stadion. På 800- meteren forbetra han sin eigen norske rekord for tredje gong den sesongen, tida 1.52,1 var nasjonal rekord i 13 år. Ei veke seinare, 15. september 1935 på Bislett stadion flytta han den norske rekorden på 400 m til 48,6 sekundar, ei tid som var norsk rekord i 19 år. For desse prestasjonane vart han tildelt Morgenbladets gullmedalje for 1935.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1928: Gullmedalje på 400 m - 50,3
  • 1930: Gullmedalje på 400 m – 49,6, samt sølvmedaljar på 200 m - 23,1 og 800 m - 1,55,3
  • 1931: Gulllmedaljar på 400 m - 49,2 og på 800 m - 1.55,5
  • 1933: Gullmedalje på 800 m - 1.55,8
  • 1935: Gullmedalje på 400 m - 48,9
  • 1936: Gullmedalje på 800 m - 1.54,4
  • 1937: Gullmedalje på 800 m - 1.54,5

Johannesen var busett i Oslo.

Kjelder endre

  • friidrett.no