Hjarte-lungemaskin

Ein hjarte-lungemaskin blir nytta for å erstatte pumpefunksjonen til hjartet og gassutvekslinga til lungene hjå pattedyr. Maskina er utvikla for å kunne operera på hjartet mens det står stille. Ho har òg ein plass i gjennopplivinga av sterkt nedkjølte personar.

Hjarte-lungemaskinen står opp til høgre for operasjonsbordet.

Maskina er bygd opp av ei pumpe og ein eining for gassutveksling, i tillegg er ho utstyrt med ein varmevekslar og eit filter for koagulert blod. Ulike prinsipp har vore nytta for gassutveksling og pumpmekanisme.

Blodet blir tatt ut av kroppen frå øvre og nedre holvene. I hjarte-lungemaskina blir karbondioksid fjerna og oksygen sett til, temperaturen på blodet blir òg regulert. Blodet blir deretter sett inn igjen i livpulsåra. Maskina blir styrt av ein perfusjonist når ho er i bruk.

John Gibbon blir rekna som den første som laga ein fungerande hjarte-lungemaskin, og utførte den første vellykka operasjonen ved hjelp av ho i mai 1953 i Philadelphia. I 1959 kom den første hjarteoperasjonen i Noreg ved hjelp av hjarte-lungemaskin. Operasjonen blei leia av Leif Efskind, som hadde skaffa maskina for eigne midlar.

Sjå òg endre

Nærskylde apparat er:

Kjelder endre