Hoag sitt objekt er ein ringgalakse som ligg rundt 600 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Slangen. Han vart oppdaga i 1950 av astronomen Arthur Allen Hoag og er omtrent 120 000 lysår på tvers, noko større enn Mjølkevegen. Det har vore spekulert i at utsjånaden til Hoag sitt objekt ættar frå ei nærpassering av ein annan galakse.

Hoag sitt objekt

Hubble-bilete av Hoag sitt objekt. Bak galaksen kan ein sjå ein ringgalakse nummer to.
Observasjonsdata (epoke J2000)
StjernebileteSlangen
Rektasensjon15t 17m 14,40s[1]
Deklinasjon+21° 35′ 07″[1]
Avstand600 millionar lysår
Typeringgalakse
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar

Hoag såg at objektet likna på ei planetarisk tåka, men føreslo seinare at objektet, trass i den uvanlege forma, var ein galakse. Observasjonar gjorde på 1970-talet prova dette.

Kjelder endre