Hobby er eit omgrep for ein fritidsaktivitet som ofte tar tid og ofte er ubetalt. Ordet er av usikkert opphav, men kan ha opphav anten i falkejakt i mellomalderen eller etter ein hestetype som blei vidareført til kjepphest (engelsk hobby-horse). Hobbyutøvaren blir rekna som ein amatør (av latin amare, å elske), men kan ha kunnskapar og dugleik på høgde med profesjonelle (dei som har det same feltet som yrke og levebrød).

Ordet hobby kjem frå George Cruikshank's illustrasjon i Laurence Sterne's Hobby-horse.

Nokre unge vel å lære så mykje om si hobbyinteresse, at dei kan gå inn i eit yrke med dette som grunnlag. Uttrykket nerd blir ofte brukt om personar som har hobbyar svært få andre synes er interessante og derfor blir sett på som sære.