Hofors kommun

kommune i Gävleborg len i Sverige

Hofors kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige. Kommunen grensar til fire kommunar i Dalarnas län, Falu kommun og Säters kommun i nord, Avesta kommun i sør og Hedemora kommun i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Hofors.

Hofors kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Gävleborgs län
Landskap Gästrikland
Del av Gästrikland, Q61663270, Q61663219
Centralort Hofors
Areal 410 km²
Folketal 10 042
Folketettleik 25 / km²
Kart
Hofors kommun
60°33′00″N 16°17′00″E / 60.55°N 16.283333333333°E / 60.55; 16.283333333333
Wikimedia Commons: Hofors Municipality
Nettstad: www.hofors.se

Landskapet i kommunen er kupert og skogkledd i vest, medan det er flatare i aust. Det er mange vatn i kommunen. Hofors ligg i Bergslagen, og har ein del malmførekomstar. I kommunen ligg det eit stort og moderne stålverk, samt ein del mekaniske verkstader.

Administrativ historikk endre

Torsåkers socken vart ein landskommunekommunalforordningane i Sverige i 1862 tredde i kraft. Denne vart i 1925 delt i to, Hofors og Torsåker. Desse vart slegne saman att til Hofors kommun ved kommunereforma i 1971.

Kommunevåpenet endre

Blasonering: På gullfarga bakgrunn, ein svart blome med åtte runde kronblad.[1]

Dette våpenet vart fastsett av kongen så seint som 1968 etter det eldre regelverket. I 1974 vart det registrert i Patent- och registreringsverket etter det nye. Kronblada i våpenet skal symbolisere stål, som mellom anna vert brukt til å lage kulelager.

Tettstader endre

Det er to tettstader i Hofors kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Hofors 7 021
2. Torsåker 873

Kjelder endre

Fotnote endre

  1. «I fält av guld en svart blomma med åtta runda kronblad».