Holland vert ofte uformelt nytta om heile Nederland. Sjå òg Holland av The Beach Boys

Holland er ein region sentralt i vestlege område av Nederland med om lag 6,1 millionar innbyggjarar. Holland var eit grevskap i Det tysk-romerske riket, styrt av greven av Holland og vart den dominerande provinsen i Dei sameinte Nederlanda (1581–1795)

Noord- og Zuid-Holland i lag med resten av Nederland.

Geografi endre

Namnet Holland vart nytta for første gong i 866 om regionen rundt Haarlem og vart namnet på grevskapet frå 1064. Bortsett frå sanddyner langs kysten består området stort sett av polderlandskap og ligg godt under nivået til havoverflata. Området må derfor kontinuerleg drenerast, noko dei typiske nederlandske vindmøllene gjorde før i tida. I løpet av historisk tid har området endra seg mykje og den vestlege kystlinja har flytta seg opp til 30 km austover, Dei frisiske øyane har rive seg laus frå nordkysten av området og dei største elvane Rhinen og Maas har endra elveløp mange gonger. Dei siste tusen åra har i tillegg menneske påverka området, stundom med dramatiske konsekvensar. På 900-talet vart området dyrka opp og den auka dreneringa av jorda som dette førte til, gjorde at overflata sokk femten meter. Dette førte til katastrofale flaumar i Zeeland og Friesland som bokstavleg talt vaska vekk store regionar og skapte Zuiderzee. Dette førte til at grevane og dei store klostra sette i gang arbeidet med dei første dikene i området.

Området er i dag delt mellom dei to provinsane Noord-Holland (Nord-Holland) og Zuid-Holland (Sør-Holland) som vart oppretta i 1840, og som i dag utgjer om lag 13 % av landarealet til Nederland.

Historie endre

Grevskapet Holland endre

Holland vart eit grevskap i Det tysk-romerske riket på 800-talet. Grevane av Holland var òg grevar av Hainaut, Flandern og Zeeland i fleire periodar på 1200 til 1400-talet. På denne tida vart ein del av Friesland erobra og institusjonar her fekk så i fleire hundreår namnet «av Holland og Vest-Friesland». I 1432 vart Holland ein del av Burgundisk Nederland og frå 1477 av Dei sytten nederlandske provinsane under Habsburg. På 1500-talet vart området kraftig urbanisert og dei fleste innbyggjarane budde i byar.

I det nederlandske opprøret mot habsburgarane under åttiårskrigen oppretta marinestyrkane til opprørarane, Watergeuzen, den første permanente basen i den hollandske byen Brill i 1572. Slik vart Holland eit senter for opprørarane og som følgje av dette vart området det kulturelle, politiske og økonomiske senteret i Dei sameinte Nederlanda på 1600-talet, som var den nederlandske gullalderen då nasjonen var den rikaste i heile verda. Dei største byane i Dei sameinte Nederlanda i provinsen Holland var Amsterdam, Rotterdam, Leiden, Alkmaar, Den Haag, Delft og Haarlem. Frå dei store hamnene i Holland segla hollandske sjømenn til og frå destinasjonar i heile Europa og kjøpmenn frå mange stader i Europa hadde varhus i Amsterdam og andre handelsbyar i Holland. Mange europearar kjende slik Den sameinte Nederlanda som Holland og er årsaka til at namnet ofte vert nytta om heile Nederland sjølv i dag.

I denne perioden vart provinsen hovudsakleg kalivinistisk, men med ein stor katolsk minoritet.

Etter 1795 endre

I 1806-1810 gjorde Napoleon Dei sameinte Nederlanda til ein fransk vasallstat styrt av broren Louis Napoleon under namnet Kongedømet Holland, som inkluderte mykje av det moderne Nederland. I 1810 vart Holland annektert av Det franske keisardømet og delt i departementa Zuyderzée og Bouches-de-la-Meuse. Etter 1813 vart Holland ein provins i Det sameinte kongedømet Nederland og i 1840 delt inn i dagens to provinsar.

I dag er dei største byane i Holland Amsterdam (hovudstaden i Nederland), Rotterdam (den største hamna i Europa), Den Haag (sete for regjeringa) og Utrecht.

Kjelder endre