Hollywood Boulevard

Hollywood Boulevard (tidlegare: Prospect Avenue) er ei berømt gate i Hollywood, no ein del av Los Angeles, i California.

Hollywood Boulevard sett frå Kodak Theatre
Bilkjøring i gata ved byrjinga av 1900-talet.

Gata byrjar ved Sunset Boulevard i aust og går vest til Sunset Plaza Drive. Ho passerer Little Armenia og Thai Town. Frå 1887 til 1910 hadde gata namnet «Prospect Avenue». Etter at Hollywood vart ein del av Los Angeles, bytta gata namn til Hollywood Boulevard.

Hendingar endre

 
Hollywood Walk of Fame

Gata er årleg åstad for eit juleopptog, Hollywood Christmas Parade, på sundagen etter Thanksgiving. I 1946 var Gene Autry med i opptodget og høyrde tilskodarar ropa «Here comes Santa Claus, here comes Santa Claus!». Dette inspirert han til å skriva den kjende songen «Here Comes Santa Claus» saman med Oakley Haldeman.[1]

I 1958 blei Hollywood Walk of Fame skapt her for å æra viktige personar i underhaldningsindustrien. Gylne stjerner nedfelde i fortauet går frå Gower Street til La Brea Avenue, og fortset tre kvartal inn i Vine Street.

Kjende attraksjonar endre

Kjelder endre

  1. «Home - The Hollywood Christmas Parade.» The Hollywood Christmas Parade. N.p., n.d. Web. 23 May 2014. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.