Holmlia er eit område i bydelen Søndre Nordstrand i Oslo, med om lag 12 000 innbyggjarar. Terrenget på Holmlia er kupert, og bustadene er organisert i klynger av lågblokker og rekkehus, med mange vegetasjonsbelte og bilfrie område. Området har vore planlagt slik for å gjere butilhøva best moglege, som eit resultat av lærdomen frå enkelte negative erfaringar frå andre drabantbyar i Oslo. Busetjinga er organisert i burettslag, og OBOS og USBL er sentrale utbyggjarar på Holmlia.

Holmlia
bydel
Land  Noreg
Fylke Oslo
Kart
Holmlia
59°50′06″N 10°47′42″E / 59.834875°N 10.794969444444°E / 59.834875; 10.794969444444
Wikimedia Commons: Holmlia

Ein stor del av innbyggjarane er barn og unge. Kvar 4. innbyggjar har vandra inn frå land utanfor Vesten. Bydelen Søndre Nordstrand er eit av dei største og nyaste bustadområda i byen, og har om lag 30 000[treng kjelde] menneske frå 60 ulike nasjonar, med om lag 125 ulike språk.

Namn endre

Namnet «Holmlia» var først brukt om togstasjonen på Østfoldbanen, som fekk namn etter garden Holm og husmannsplassen Lia.[1]

Historie endre

Strøket vart bygd ut frå slutten av 1970-åra.[1] Den første innflyttinga byrja i 1981.

Ved årsskiftet 2017/2018 vart den faste politiposten på Holmlia nedlagd. Mobile politiposter var (og er) tilgjengelege for utstasjonering i eining Aust i Oslo-politiet.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Holmlia. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 31. mai 2018 frå https://snl.no/Holmlia.
  2. Erik Inderhaug (15. mars 2018). «Den siste utposten». Politiforum. Henta 3. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff endre