Holstein-Gottorp (dansk Holsten-Gottorp) eller Schleswig-Holstein-Gottorp (dansk Slesvig-Holsten-Gottorp) var namnet på ei grein av den danske kongefamilien Oldenburg som hadde eigedommar i hertugdøma Slesvig og Holsten i grensetraktene mellom Danmark og Tyskland. Namnet knyt det tyske lenet Holsten med slottet Gottorp i det danske hertugdømet Slesvig, som var residens for hertugane av den gottorpske slekta frå 1544 til 1714.

Gottorp slott i Slesvig by

Historie endre

I 1533 døydde den dansk-norske kongen Frederik I av Huset Oldenburg. Han etterlét seg tre søner som vart samde om å dele dei to hertugdøma Slesvig (dansk len) og Holstein (tysk len) i tre delar, så alle fekk like skatteinntekter. Kong Christian III, broren Hans den eldre og den yngste broren Adolf fekk kvar sin del.

Hans den eldre residerte i Haderslev. Då han døydde, vart tredjedelen hans av hertugdømma delt mellom broren Adolf og nevøen kong Frederik III. Kongen overlét ein del av sine eigedomar i hertugdømmet til broren sin Johan den yngre (1559-1622), som frå 1580 vart hertug av Sønderborg og stamfar til fleire greiner av slekta Slesvig-Holsten-Sønderborg.

Adolf overtok saman med tredjedelen sin slottet Gottorp slott. Han vart stamfar til den sidelinja av kongehuset Oldenburg som difor blir kalla den slesvig-holsten-gottorpske slekta. Eigedomane til denne slekta i Slesvig vart kalla den «gottorpske» eller den «hertuglege» delen. Dei delane som direkte var underlagt kongen av Danmark som hertug av Slesvig, vart kalla den «kongelege».

Adolf av Holstein-Gottorp døydde i 1580. Han etterlét seg fire søner, der tre av dei skulle få hertugtittel. Frederik II av Holstein-Gottorp døydde i 1587 og vart etterfølgt av broren sin Filip av Holstein-Gottorp, som døydde berre tre år seinare og deretter av Johan Adolf av Holstein-Gottorp. Den siste av dei tre sønene var hertug frå 1590 til 1616.

Då Johan Adolf døydde vart sonen Frederik III av Holstein-Gottorp hertug. Han skulle vise seg å bli ein ambisiøs herskar med store planar for Holstein-Gottorp. Han tok opp konkurransen med slektningen sin og lensherre, kong Kristian IV av Danmark-Noreg, om handelshegemoniet til sjøs. Han grunnla hamnebyen Friedrichstadt (dansk: Frederiksstad) i Slesvig som svar på anlegget til den danske kongen av hamnebyen Glückstadt i Holstein. Dei økonomiske ambisjonane hans førte etterkvart til konflikt med dei danske planane. Då Christian IV intervenerte i trettiårskrigen og starta den destruktive keisarkrigen i 1625, var brotet uunngåeleg. Hertug Frederik III kunne ikkje la dei gottorpske områda sine bli herja av dei keisarlege styrkane som rykte nordover. Han freista seg først med nøytralitet og sa opp den gamle unionen med Danmark. Seinare gjekk han i forbund med Sverige.

I forbund med Sverige endre

Trettiårskrigen var vendepunktet, for som sjølvstendig stat var dei gottorpske delane av hertugdømma vorte ein potensiell fiende av Danmark. Etter at Sverige med større hell hadde blanda seg inn i trettiårskrigen, vart Holstein innfallsporten då svenskane gjorde invasjon i Jylland i 1643. Då den danske motstanden i Holstein var nedkjempa, tvinga svenskane hertugen av Holstein-Gottorp til å inngå i ein tettare allianse som gjorde han til fiende av Danmark-Noreg.

Den svenskvennlege politikken til hertug Frederik nådde høgdepunktet med giftarmålet mellom dottera hans Hedvig Eleonora og kong Karl X Gustav av Sverige i 1654. Men prisen var høg. Frederik III døydde under kringsetjinga til danskane av Tønning i 1659 og dei gottorpske delane av hertugdømet hans låg i ruinar etter krigane.

Christian Albert av Holstein-Gottorp overtok etter faren døydde og berga sitt og hertugdømmet til slekta takka vere freden i 1660. I 1667 inngjekk han i ekteskap med Fredrika Amalia, ei dotter av den danske kongen Frederik III. Men avhengigheita hans til svenskane, saman med den svake stillinga til Holstein-Gottorp etter krigane, førte til aggresjon frå dansk side, fordi hertugdømmet med rette vart rekna som ein trussel mot Danmark. I åra 16751689 måtte han bu i eksil i Hamburg. Men åtaket til Christian V på Hamburg vart mislikt av stormaktene, som vart utnytta til å tvinge fram forliket i Altona i 1689. Det vart redninga til hertugdømet under den neste krigen i 1700.

Frederik IV av Holstein-Gottorp hadde eit liv i stadig konflikt med Danmark. Då faren døydde i 1695, forsterka han banda til den svenske kongefamilien ved å gifte seg med syster til Karl XII Hedvig Sofia i 1698. Gjennom hustrua fekk hertugen eit sterkt grep om svogeren sin, den unge kongen av Sverige. Samstundes omdanna han dei militære styrkane sine til ein kopi av dei svenske. Han ustyrte dei med blå uniformer og verva mange svenske offiserar og soldatar. I røynda integrerte Frederik IV hæren sin i den svenske. Han oppførte festningar i strid med tidlegare inngåtte avtaler med Danmark.

Krigen i 1700 kunne ha utradert dei gottorpske delane av hertugdømma om det ikkje hadde vore for intervensjonen til stormaktene. Ved Altonaforliket i 1689 hadde dei påtatt seg å vere garantistar for freden. Nederlaget til Danmark-Noreg var audmjukande.

Men to år seinare døydde hertug Frederik IV uventa. Han hadde slutta seg til svoger Karl XII, som i 1701 gjekk til åtak på Polen for å få avsett August II av Polen. Polakkane og forbundsfellane deira frå Sachsen hadde gjort inntog i svensk Livland med byen Riga. Hertugen av Holstein-Gottorp fall under slaget ved Kliszów den 9. juli 1702.

Slutten endre

Døden til faren var eit hardt slag for den nye hertugen, Karl Frederik av Holstein-Gottorp, som berre var to år gammal. Ei formyndarregjering måtte overta styret til han vart myndig. Men dei tette banda til Sverige skulle vise seg skjebnesvangre då eit brev kom til Tønning med instruksar frå den svenske kongen. I strid med formyndarregjeringen vedtok kommandanten å tilby den svenske generalen Magnus Stenbock tilflukt tidleg i 1713. Då Stenbock måtte overgje seg 16. mai 1713 og marsjere ut frå festninga med hamnebyen, vart opplysninga om brevet kjent for dei allierte.

Det var høvet som danskane under kong Frederik IV trong for å krevje at den gottorpske garnisonen måtte overgje seg og avstå festninga. Dermed kunne han fortsetje kringsetjinga éitt år til. I mellomtida vart heile hertugdømmet Holstein-Gottorp erobra av danskane og hertugen med familien sin og formyndarregjeringa måtte flykte. I 1714 var dei gottorpske områda redusert til å omfatte berre bitar av hertugdømmet Holstein.

Det russiske bandet endre

Livet til Karl Frederik vart prega av at mesteparten av hertugdømmet var tapt. Måla hans var å vinne attande dei gottorpske delane av Slesvig, men samstundes ville han distansere seg frå svenskane, som hadde vore til katastrofe i 1713-1714, men som òg var ein brikke i stormaktspolitikken mellom Danmark-Noreg og Russland. Han gifta seg med den uekte dottera til tsar Peter den store Anna Petrovna i 1725, rett etter den russiske tsaren døydde. Ekteskapet tok slutt berre tre år seinare, då den russiske prinsessa døydde i barselseng. Men sonen ho etterlét seg skulle bli farleg for Danmark-Noreg.

Den unge Karl Peter Ulrich av Holstein-Gottorp vart i 1741 henta frå Tyskland av tanta si, tsarina Elisabeth av Russland, som gjorde systersonen til arvingen sin. I 1762 tok han over trona som tsar Peter III av Russland. Eit av måla hans i livet var å vinne tilbake dei gottorpske områda som var gått tapt ved freden i 1720.

Etter å ha trekt seg ut av sjuårskrigen mot Preussen, ville han gå til krig mot Danmark-Noreg. Peter III freista likevel å styre Russland som ein opplyst herskar, men hustrua hans Katarina II av Russland gjorde statskupp og avsette han etter berre seks månader og ho kan òg ha stått bak døden hans.

Katarina II inngjekk i 1773 eit forsvarsforbund med Danmark-Noreg mot Sverige og det inngjekk i avtala at sonen hennar Paul skulle respektere innlemminga til Danmarks av dei gottorpske områda i Slesvig. Tronarvingen til Russland skulle òg avstå dei gottorpske delane av Holstein til kong Christian VII i byte mot grevskapa Oldenborg og Delmenhorst og gje avkall på hertugdømmet for godt. Ved dette vart den gottorpske spurnaden endelege løyst etter over hundre år.

Hertugane av Slesvig-Holstein-Gottorp endre

Hertugar i dei gottorpske delar av Slesvig og Holstein

Hertugar i dei gottorpske delar av Holsten

I 1773 var hertugdømmet Holstein avstått til Danmark i byte mot grevskapa Oldenborg og Delmenhorst. Dei vart overført til fyrstbiskopen av Lübeck, Frederik August av Holstein-Gottorp, som året etter var vorte opphøgd til hertug av Oldenborg. Men den russiske keisarfamilien etter Paul I heldt hertugtittelen.

Titulære hertugar endre

Då storhertug Vladimir døydde utan å etterlate seg ein son som kunne overta tittelen, er det uklart kven som har rett til tittelen som hertug av Holstein-Gottorp.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre