Homologi er eit av dei mest grunnleggande omgrepa i moderne matematikk. Det er eit topologisk omgrep som går attende til Bernhard Riemann og Henri Poincaré.

To lukka kurver vert sagt å vere homologe viss dei til saman dannar randa (eller avgrensinga) til eit flatestykke. På same måte er to lukka flater homologe om dei til saman dannar randa til ein del av rommet. Ut frå desse enkel geometriske førestillingane er ein blitt leia til omgrepet homologigruppe, som er grunnleggande for den algebraiske topologien. Formaliseringa av homologiomgrepet har òg vist seg nyttig for andre matematiske fagfelt som algebraisk geometri, differensialgeometri, algebra og talteori.

Kjelder endre