Homotopi er eit omgrep innan geometri. To kurver eller flater er homotope om den eine kan førast over i den andre ved ein kontinuerleg deformasjon. Innanfor topologien vert omgrepet nytta om avbildingar mellom topologiske rom, og denne intuitive formuleringa vert her gjeve eit presist innhald. Homotopi er ein ekvivalensrelasjon og er eit grunnleggande omgrep i topologien.

Dei to kurvene over er homotope i forhold til endepunkta sine. Animasjonen syner ein mogeleg homotopi.

Kjelder endre