Ærestittel

(Omdirigert frå Honorær tittel)

Ein ærestittel eller honorær tittel (av honorær fransk honoraire, frå latin honorarius, ære[1]) er ein tittel som blir gitt for å ære eller heidre nokon,[2] utan at det følgjer med løn eller vesentlege tenesteplikter. Eit eksempel er honorær konsul.

Honorære titlar blir no for tida ofte gitt nokon som i lang tid har utført noko som samfunnet oppfattar som særleg verdifullt, utan at formelle krav til titlane er oppfylt. Eit eksempel er utnemning av æresdoktorar. Dette skjer utan at noka doktoravhandling er levert. Dette blir kalla doctor honoris causa, forkorta dr h c. I den akademiske verda finst det detaljerte reglar om korleis æresdoktorar skal nominerast, veljast og utnemnast. Det finst også eksempel på at det har blitt delt ut honorære professorat.

I tidlegare tider var det vanleg at ein kunne kjøpe honorære titlar. I somme land er dette framleis mogleg.

Fotnotar endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.