Horseshoe Island er ei øy som dekkjer det meste av innløpet til Square Bay, langs vestkysten av Graham Land i Antarktis. Ho vart oppdaga og namngjeven av British Graham Land Expedition under Rymill som kartla området både på bakken og frå lufta i 1936–37. Namnet syner til ein hesteskoforma fjellrygg på øya med toppar på 600 til 900 meter over havet.[1]

Horseshoe Island
øy
Base Y (Marguerite Bay) på Horseshoe Island
Land  Antarktis
Koordinatar 67°51′S 67°12′W / 67.850°S 67.200°W / -67.850; -67.200
Lengd 10,5 km
Areal 67,2 km²
Kart
Horseshoe Island
67°51′S 67°12′W / 67.85°S 67.2°W / -67.85; -67.2
Horseshoe Island is located in Antarktis
Horseshoe Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Horseshoe Island

Base Y endre

Base Y (Marguerite Bay) vart etablert på Horseshoe Island av Falkland Islands Dependencies Survey i 1955. Han var i kontinuerlig bruk frå 11. mars 1955 fram til han vart nedlagd 21. august 1960 og mannskapa overført til Base E på Stonington Island. Stasjonen vart nytta i samband med topografiske og geologiske undersøkingar, i tillegg til for meteorologiske observasjoner.[2] Anlegget er verneverdig som ein relativt uendra og fullstendig utstyrt britisk forskingsstasjon, og står oppført på Antarktistraktaten si liste over historiske stader og kulturminne i Antarktis.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Horseshoe Island» (innhald frå Geographic Names Information System).