Houston er ein by i den amerikanske delstaten Texas og er med sine 2 304 580 innbyggarar (2020) den fjerde største byen i sørlege USA og den fjerde største i landet. Houston ligg i Søraust-Texas i nærleiken av Galveston Bay og Mexicogolfen. Over fem millionar menneske bur i det urbane området rundt Houston. Byen dannar søraustpunktet av ein urban megaregion kjend som Texas Triangle.[2]

Houston
by
Flagg
Våpenskjold
Land  USA
Stat Texas
Fylke Harris, Fort Bend, Montgomery
Del av North Barrier Coast
Areal 1 558 km²
Folketal 2 304 580  (2020[1])
Tidssone CST (UTC−6)
Kart
Houston
29°45′46″N 95°22′59″W / 29.762777777778°N 95.383055555556°W / 29.762777777778; -95.383055555556
Wikimedia Commons: Houston
Nettstad: Offisiell nettstad Edit this at Wikidata
Satellittbilete.

Med berre 45.000 innbyggarar ved førre hundreårsskifte, har Houston vore ein av USAs raskast veksande byar. Det er særleg arbeidsplassar i oljeindustrien som har trekt innflyttarar til byen, som har eit utprega varmt og fuktig klima. Ofte blir framveksten av av billige luftkjølingsanlegg (air condition) som det avgjerande utviklingstrekket i Houstons historie. Fråvær av sentral regulering har gjort at Houston manglar eit typisk sentrumsområde, og framstår snarare som eit stort, samanvakse område av ulike forretningsdistrikt og forstadar.

Byen har ei av dei største hamnene i USA, og er kjend for eit større romfartskontrollsenter Lyndon B. Johnson Space Center i regi av NASA.

Kjelder endre

  1. «QuickFacts: Houston city, Texas». United States Census Bureau. Henta 19. august 2021. 
  2. «The Texas Triangle Megaregion Nears 21 Million Residents». Texas News Express. 6. oktober 2020. Arkivert frå originalen 29. november 2021. Henta 2. november 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Houston