Hovudseriefinalen i fotball 1952

Hovudseriefinalen i fotball 1952 fann stad på Ullevål stadion i Oslo sundag 22. juni 1952, framfor 14 253 tilskodarar. Dei to finalistane, Fredrikstad Fotballklubb og Sportsklubben Brann frå Bergen, hadde vunne kvar si avdeling av Hovudserien 1951/52. Fredrikstad FK vart med finalesiffera 3-1 hovudseriemeister for tredje gong.

Brann kom best i gang og tok leiinga ved Olaf Pedersen eit kvarters tid ut i kampen. I slutten av den fyrste omgangen utlikna innbytaren Thorleif Larsen til 1-1 med ein lobb. Utover i den andre omgangen var FFK det førande laget og Bjørn Spydevold sende laget i føringa på eit frispark, før Lloyd Pettersen fastsette resultatet til 3-1.

Fredrikstad FK sitt vinnarlag bestod av Asbjørn Nilsen i mål, backane Helge Sveberg og Åge Spydevold, halfane Leif Pedersen, Erik Holmberg, Bjørn Spydevold og løparane Willy Olsen, Arne Pedersen, Lloyd Pettersen, Henry Johannessen og Erik Engsmyr. Thorleif Larsen vart byta inn for Olsen.

For Brann stilte mellom andre: Erik Sletten i mål, dei defensive spelarane Trygve Sigvaldsen, Oddvar Hansen og Rolf Vevle Eriksen, offensivt mønstra Bergens-laget Olaf Pedersen, Gunnar Skagen, Gunnar Røed og Otto Rasmussen.

Finn Åge Røed frå Drafn «dømte til meget godt».

Kjelder endre