Huánuco er ein by i det sentrale Peru og hovudstaden i regionen og distriktet med same namn. Til å ligge i Andes ligg byen lågt, på ca 1900 moh. I 1999 hadde han ein folkesetnaden på 70 588 innbyggjarar. Han er ein av få peruanske byar med ein ny katedral, frå 1966, men her er òg to mindre kyrkjer frå tidleg kolonitid.

Bybilete med San Sebastián-kyrkja

Inkabyen Huánuco låg ved hovudvegen mellom Cuzco og Quito, den nye byen Huánuco vart tufta av conquistadoren Gómez de Alvarado i 1539.

Bussreise til Lima tek ca ni timar, vegen til Lima, som andre vegar frå Huánuco mot kysten i vest går over fjellpass på meir enn 4 700 moh. Byen har òg ein flyplass.