Huang Xian-fan (13. november 189918. januar 1982) var ein kinesisk historikar, etnolog og professor. Han var internasjonalt kjend som kulturhistorikaren til zhuangfolket.[1]

Huang Xian-fan

Statsborgarskap Folkerepublikken Kina, Qing
Fødd 13. november 1899
Fusui
Død

18. januar 1982 (82 år)
Guilin

Yrke antropolog, historikar, etnolog, folklorist, lærar, universitetslærar, politikar
Språk kinesisk
Politisk parti Chinese Peasants' and Workers' Democratic Party
Far Gan Xinchang
Ektefelle Liu Lihua
Huang Xian-fan på Commons

Utdanning endre

Huang Xian-fan var fødd i bygda Qusi i Fusui fylke. Han tok eksamen ved Fusui skole i 1921. Examen artium tok han som privatist ved Guangxi Nannings lærarskole i 1922, og han nytta dei fire åra her flittig ved å studere historie, geografi og engelsk. Han tok eksamen ved Nannings lærarskole i 1926. Han fortsette desse studia ved Læraruniversitetet i Beijing der han var frå 1926 til 1935, og i dei ni åra her studerte han historie, slektsforsking, engelsk, japansk, folklore, arkeologi, sosiologi, filosofi, psykologi og gammal skrift. Han fullførte trebandsverket 'Kinesisk generell historie' i 1934, og tok embetseksamen i historie i 1935. Seinare studerte han arkeologi, japansk historie og kultur ved Universitetet i Tokyo i to år.

Virke endre

I 1937 drog Huang Xian-fan tilbake til Kina. Han var lærar ved Nanning private middelskule 1937-1938. I 1938 vart han tilsett som universitetslektor i historie og geografi ved Universitetet i Guangxi, og amanuensis i historie same stad 1940–1941. Han var professor i historie ved Sun Yat-sen Universitetet i Guangdong mellom 1941 og 1942. Han var den første zhuang-professoren i kinesisk historie[2] Han var professor i historie ved lærarkollegiet i Guilin mellom 1942 og 1943, og professor i historie ved Universitetet i Guangxi (1943-1953). Frå 1954 til 1982 var han professor i historie ved Lærarskulen i Guangxi. Huang Xianfan døydde 18. januar 1982 i Guilin i Guangxi.[3]

Frå 1934-talet og framover har gav han ut ei rekkje verk og artiklar om kinesisk historie, folklore, etnologi, antropologi og minoritets- og etnisitet-historie. I Kina er han mest kjend for bøker om Zhuangs historie[4] og Nong Zhi Gao. Mange av bøkene hans, til dømes Zhuangs historie, har skapt debatt.

Utgjevingar (utval) endre

Referansar endre

  1. Internasjonalt kjend Zhuangs kulturhistorikar: Huang Xianfan, Nanning Daily, 20. oktober 2008.
  2. First University Professor of Zhuang Nationality:Huang Xianfan. Nanning:Guangxi ethnic newspaper, No.381, December 31, 1999.
  3. www.china.com.cn/中国网 :kinesisk etnolog:Huang Xian-fan
  4. Engelsk Wikipedia: General History of the Zhuang
  5. Zhuangs historie

Kjelder endre

  • Chen Jisheng: Bagui-skole, Guangxi samfunnsfag, volum 7-11, 2008,ISSN 1004-6917. [1] Arkivert 2011-08-19 ved Wayback Machine.
  • Mo Jun: Zhuangs professor - Huang Xian-fan, Guangxi Daglig, 9. mars 2002.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Huang Xian-fan