Hudsystemet

organsystem som består av eit ytre hudlag og fleire hudorgan (som negler, hår, skjel, fjører eller klauver)

Hudsystemet (medisinsk latin integumentum commune) er det ytre organsystemet som vernar kroppen mot skade utanfrå. Huda hjå virveldyr har to typiske lag, overhud og indre lêrhud. I tillegg til hudceller finn ein gjerne sveitte- og talgkjertlar, harde delar som kutikula og utvekstar som negler, klør, hår og fjører i hudsystemet. Like innanfor huda finn ein feittvev.

Anatomisk framstilling av dei ulike cellene i hudsystemet.

Funksjonar endre

Hudsystemet hjelper til med å regulera kroppen ved å verna indre vev og organ frå ytre påverkingar, til dømes temperaturendringar og organismar som kan gje infeksjon, og ved andre funksjonar. Det vernar mot væsketap og solstråling, men kan også sleppa ut væske og andre stoff som sveitte og danna D-vitamin ved hjelp av ultrafiolett lys.

Hudsystemet er eit viktig kjensleorgan som oppfattar overflatar, trykk, varme og kulde. Det er lagringsstad for vatn, feitt, glukose og D-vitamin.

Kjelder endre

«integument – zoologi» i Store norske leksikon, snl.no. ytre begrensning hos dyr «hud – legemets ytre begrensning hos dyr» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.