Hugo Preuss

tysk politikar

Prof. dr. jur. Hugo Preuss (28. oktober 18609. oktober 1925) var ein tysk jurist og liberal politikar, og gjeld som far til Weimar-forfatninga.

Hugo Preuss

Fødd28. oktober 1860
Berlin
Død9. oktober 1925 (64 år)
Statsborgar avTyskland
PartiFreisinnige Vereinigung
Yrkepolitikar, jurist, pedagog, universitetslærar, forfattar
InstitusjonarHumboldt-Universität zu Berlin
Handelshochschule Berlin
Utdanna vedFriedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin
Humboldt-Universität zu Berlin
Universitetet i Heidelberg
BarnErnst Preuß
Alle verv
  • delegat i Prøyssens parlament
  • Tysklands innenriksminister (1919–1919) Sjå dette på Wikidata

Han vart i ein jødisk kjøpmannsfamilie, og studerte frå 1879 rettsvitskap ved universiteta i Berlin og Heidelberg. I 1883 tok han den juridiske doktorgraden i Göttingen, og i 1889 habiliterte han seg i statsrett i Berlin. Han arbeidde deretter som privatdosent i offentleg rett. I 1916 vart han professor ved handelshøgskulen i Berlin, og i 1918 vart han rektor ved høgskulen.

Etter novemberrevolusjonen vart Preuss 15. november 1918 utnemnd til statssekretær i innanriksministeriet og fekk oppdraget å førebu ein ny forfatning. I regjeringa til Philipp Scheidemann vart han utnemnd til tysk innanriksminister.

Han hadde vore innvald i Berlin sitt bystyre i 1895, og var mellom 1910 og 1918 æresbyråd i Berlin, og frå 1919 til sin død òg medlem av den prøyssiske landdagen (delstatsparlamentet).

Preuss var medlem av Deutsche Demokratische Partei og av Reichsbanner Schwarz-Rot-Gold.

Hugo Preuss vart fødd og døydde i Berlin.