Humor er noko som verker komisk, det vil seie får nokon til å le eller smila. Ein kan sjå humoren i situasjonar, forteljingar, lyd- og synsinntrykk og liknande, og med dette hevda å ha ein humoristisk sans. Kva ein finn humoristisk varierer mellom personar, kulturar og tradisjonar. Humor kan brukast som underhaldning, til å skapa samhald innan ei gruppe, til å auka lukkekjensla eller hanskast med vanskelege opplevingar, men det kan også brukast til mobbing og utestenging.

«The professional humorists' club». Vitseteikning frå 1914 av Rea Irvin som viser ein klubb av nedtrykte humoristar.

Ordet «humor» er i slekt med «humør», og stammar frå det latinske for væske. Det er knytt til den gamle greske og mellomalderske teorien om humoralpatologi som sa at sinnsstemningar kunne sporast til væskebalansar i kroppen. Ein person som driv med humor kan kalla seg humorist, komikar eller klovn.

Humoristiske sjangrar endre

Humoristiske verkemiddel endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Humor
  Denne underhaldningsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.